Gorrlaus

Laurdag 7. mars

Stad - Tou loftet

Dørene opnar: 1830

Start: 1900


John André Eira: Joik


Eilif Gundersen: lur og bukkehorn


I kveld får me høyra joikemester, John André Eira, frå Mazé i Kautokeino.

Han har drive med joik heile livet og er kanskje mest kjent gjennom bandet, Gabba. Bandet vann spelemannsprisen i 2022 og slapp si andre plate i september i fjor. Saman med Gabba, har Eira turnert vidt og breitt, frå India til Skottland. I kveld kjem John André Eira utan band, og det er den tradisjonelle joiken står i fokus. Me får høyre både gamle, nye og sjølvkomponerte joiker og me får moglegheita til å dykka ner i denne fantastiske tradisjonen i frå nord.


Eilif Gundersen er opprinneleg frå trøndelag, men har vore vêrfast i Ål i Hallingdal sidan 80-talet. Her vaks det gradvis fram ei interesse for dei gamle kulturelle uttrykka. Etterkvart begynte han å henta fram igjen musikk og tradisjonar på lur og bukkehorn frå Hallingdal. Han har både vunne klassen for eldre folkemusikkinstrument på landskappleiken og motteke Egil Storbekkens musikkpris for sitt arbeid. Han har deltatt på eit utal plateutgjevingar og er veldig ofte på reise rundt omkring i verda, med lur og bukkehorn i hende, saman med den interasjonalt anerkjende gruppa, Wardruna.


Etter konsertane blir det som vanleg ópe dansegolv.


Fuglen arrangerer kurs tidlegare på dagen. Påmelding her:


← Tilbake til program