Gorrlaus
Laurdag 24. januar - "Garborg kveld"
Stad - Tou loftet
Dørene opnar: 1830
Start: 1900
Lansering av jubileumsskrift i høve Garborg sitt 175 årsjubileum: «Me skylde han eit minnesmerke - Arne Garborg og den frilynte ungdomsrørsla i Stavanger». Samtale mellom Anders Sundsteigen Hana og Morten Vestbø om utgjevinga som i hovudsak tar for seg perioden 1900 til 1940, ei tid der BUL (Bondeungdomslaget) var ein kulturinstitusjon i Stavanger sentrum og norskdomsrørsla hadde ein sterk posisjon, med mellom anna folkemusikk, litteraturkveldar, folkedans, leikarring, foredrag, teaterframsyningar og hjelpearbeid. Eit stykke lokal kulturhistorie, frå eit miljø der Arne Garborg var sjølve åndshøvdingen.
Framføring av Haugtussa -
Tekst av Arne Garborg til musikk av Øyonn Groven Myhren.
medvirkande:
Øyonn Groven Myhren - kveding og lyre
Tomas Nilsson - perkusjon
Rasmus Kjorstad - fele, langeleik og munnharpe
Etter konserten blir det ópe dansegolv ut i dei små timar.
Denne kvelden er eit samarbeid mellom Garborgdagar, Gorrlaus og Tou.
(Fuglen arrangerer dansekurs på dagtid)