Gorrlaus

Gorrlaus laurdag 18.10.25


 

Stad: Tou loftet

Dørene opnar: kl. 18.30

Konsert startar: kl. 19.00


 

Kirsten Bråten Berg - Kveding

Daniel Sandén-Warg - Hardingfele og munnharpe


 

 

Setesdalsmusikken får me aldri nok av her i Stavanger. Den suggererande, drivande og trolske musikken som kunne få felespelaren til å hamne på rammeslåtten.


 

Olav Faremo (1786-1866) frå Hylestad i Setesdal, hadde som mange andre store spelemenn, lært å spela av fossegrimen. I gamalt or sætisdal band 1 står det: "Det var fossegrimen som lærde Olav til å fela. Han var til med han tvo gonger. Fyrste gongen vreid han lislefinger or led på vinstre hondi, - Olav kunde sveiva han plent som han vilde sidan. So var han til med han att i Farøyi. Då vreid han hendene hans, so fingrane på vinstre hondi krøktst etter strengjene, og etter bogen på høgre. Men han sov, Olav, med dette gjekk til. - Sidan var han ovspelemann. Av fossegrimen lærde han dei ramme slåttane. Skjaldmøyslaget var den spelegaste av alle han kunde. Han sytte so kaldleg med å fela den slåtten. Men han fela den på Kjeldeberg ein gong, i eit brudlaup, av dei totte for gama høyra, og nøydde han til. Olav kom på rammeslåtten, så det var ein enkedom (elende) å sjå. Tilslutt hjelpte dei han av med fela. Og det hadde han skilt seg fyrr han la til: Kjem eg på den ramme slåtten, moge di take fela av me, sa han. Han gret då dei tok henne."


 

Denne musikken lever framleis i beste velgåande i Setesdal den dag i dag. Og i kveld er me så heldige å få besøk av to av dei fremste tradisjonsberarane av denne kraftige og myteomspunne musikken.


 

Daniel Sandén-Warg har granska både arkivopptak og lært direkte av felespelarar i dalen sidan 90-talet. Han spelar i tradisjon etter Knut J. Heddi, Andres K. Rysstad og Torleiv H. Bjørgum og er ein meister på hardingfele og munnharpe og ei stor inspirasjonskjelde for mange yngre folkemusikarar.


 

I Setesdal finst det og ein rik vokaltradisjon og Kirsten Bråten Berg er ein av dei viktigaste formidlarane av denne tradisjonen. Ho har til liks med Sandén-Warg lært både direkte av mange tradisjonsutøvarar i dalen og jobba mykje med arkivopptak. Ho har i tillegg spelt i lag med mange kjente utøvarar innan både folkemusikk og jazz opp gjennom åra. Ho var med i den legendariske folkemusikkgruppa, Slinkombas, samen med Tellef Kvifte, Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum og i 2005 blei ho utnemd til riddar av 1.klasse for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar, ein tittel ho framleis gjer seg fortent til.

← Tilbake til program