
Gorrlaus
Gorrlaus laurdag 01.11.25
Stad: Tou loftet
Dørene opnar: kl. 18.30
Konsert startar: kl. 19.00
Rasmus Kjorstad - fele
Hans P. Kjorstad - fele
Ein midsommardag i 1925. Ein einsleg gudbrandsdøl er å finne på sykkel i seige jamne tråkk oppover gjennom skjåkbygda. Det er spelemannen, Ola Eide. Han er på veg til Stavanger for å delta på landskappleiken. Først syklar han omlag 200 km frå Lalm til Stryn. Derifrå reisar han med båt til Måløy og så vidare med hurtigruta til Stavanger. Kappleiken går sin gang etterfulgt av den obligatoriske festen. Med masse kjentfolk, mange gode spelemenn og det sterke stoffet, blir det ein sein kveld. Eide er heller ikkje ein som spyttar i glaset. Då han vaknar neste morgon oppdagar han at pengane er borte. Kordan skal han no komma seg heim? Eide veit råd. Han går innom eit trykkeri og får trykt opp ein plakat der det står: " Den landskjente spillemannen Ola Eide spiller opp til konsert". Dette blir det kroner av, nok til å komma seg heim! Men før han kjem så langt, finn han att pengane. Han hadde stappa sedlane i bunadssokkene for å vera smart, men så hadde han det så gama at han gløymde det. Ola Eide avlyser konserten tar fatt på den lange vegen heim. Det blir altså ingen konsert i 1925.
Takk vere folkemusikkarkiv og flittige brukarar som Rasmus og Hans Kjorstad, frå Harpefoss i Gudbrandsdalen, kan me no få høyre denne konserten som det ikkje blei noko av, 100 år seinare. Kjorstad brørne har nemleg studert arkiv opptak av Ola Eide som blei godt dokumentert av blant anna NRK. Ola Eide sette den gamle klangen og tonekjensla høgt, som bestefar hans, Ola Bråtå formidla i sitt spel. Kjorstad brørne tar denne arven vidare og i kveld kan me få høyra den mystiske og vakre musikken frå Gudbrandsdalen i tradisjon etter Ola Eide og bestefar hans, Ola Bråtå.