Gorrlaus

Gorrlaus laurdag 13.09.25


Stad: Tou loftet

Dørene opnar: kl. 18.30

Konsert startar: kl. 19.00


Spelemannslaget til fremjing for møsagrodde låttar


Ein meir episk start på Gorrlaus sesongen på Tou trur eg ikkje me klarer å få til. Denne helga går det ein buss i frå Fagernes til Stavanger lasta med eit heilt spelemannslag og tradisjonelle dansarar. Dette kjem til å vera ei unik moglegheit til å gjera eit djupdykk i Valdrestradisjonen. Denne kvelden på Tou loftet kjem til å vera ein fest og ei feiring, på Valdres vis!


«Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar» er eit av dei fremste spelemannslaga i Noreg om dagen. Samansett av ein eklektisk gjeng har dei samla seg rundt ei felles interesse for å henta fram igjen lite brukte og gløymde låttar frå Valdrestradisjonen. Dei er uredde, gorrgode og har eit særs kraftfult uttrykk som kjem til å få taket på gamle tou loftet til å røra på seg.


Spelemannslaget starta opp i 2014, og spelar i hovudsak springarar, hallingar, lydarlått(ar) og bondelåttar. Dei har spela på alt frå meisterkonsert i Operaen til Tuvas Blodklubb både i Oslo og Bergen. På CD-utgjevinga frå 2022 sette laget truleg ein eller annan verdsrekord då dei spelte inn 18 låttar på ti felestille. Laget har også ei rekke topp-plasseringar på Landskappleiken. Det vil ein ikkje gå glipp av!!


OBS! Fuglen arrangerer og dansekurs med nokon av dei fremste instruktørane i Valdresspringar tidlegare på dagen. Bli med på kurset og lær triks og knep du kan bruka på dansegolvet seinare på kvelden!


← Tilbake til program