Fuglen

Kva med å kickstarta kvelden med eit krasjkurs i folkedans!?
Fuglen inviterer alle som er interessert til eit krasjkurs i den særeigne Suldalsspringaren. Åshild Vetrhus kjem for å gi ei innføring i denne leikne og særs artige bygdedansen som har djupe historiske røter i fylket.
Etter kurset blir det Gorrlaus-konsert på loftet med Øyonn Groven Myhren, Marit Karlberg og Silje Hegg, og etter konserten er det opent, lågterskel dansegolv. Eit perfekt høve til å prøva ut det du har lært på krasjkurset!
Stad: loftet på Tou scene.
Pris: 100,-
Ingen forkunnskapar er naudsynlege.
Kom som du er eller ta med deg ein venn.
______________________________________

← Tilbake til program