NAG

Brølapane i NAG slår tilbake med albumet Boys of Europe!

Debutplata til NAG kom som eit friskt kjellarluktande pust i 2016. Den middels originale sementblandinga av den skitnaste pønken og den mest mannevonde metallen fall i smak både hjå dei som skriv om hard rock, og dei som berre likar å rocka hardt. Debuten fekk særs god omtale både innanlands og utanlands, og vart jamvel nominert til ein Spellemannspris. Så vart det spelejobbar og turnear kringom i Europa før andreplata kom i 2018. Til stormande jubel, sjølvsagt. Men så vart det stilt. Lenge. Hadde dei òg, som så mange andre lovande orkester, kapitulert andsynes den røynlege verda med foreldremøte, el-bilar og oppussing?

Neidå. NAG gjev seg ikkje så lett. Og no stig dei endeleg ut or gløymsla med ei ny plate med ti perfeksjonerte og mektige NAG-låtar. Vel har håret vorte gråare og ryggane vondare i åra som har gått sidan sist, men det kan du ikkje høyra. Dei høyrest framleis ut som rabiate tenåringar. Med andre ord følgjer Boys of Europe i det store og heile det same sporet som dei førre platene. Det er framleis beintfram, travelt og murhardt. Kort sagt: Plata har alt som var feitt med dei to førre, og endå meir!

Riffa laga dei i dei få gøymde timane for pønke-småbarnsfedrar: etter knekkebrødet til kveldsmaten er pakka ned og før kavringen til morgonsmaten biskt må på bordet igjen. Tekstane hamra dei inn på telefonane sine på bussen på veg til og frå jobb, under dekke av å vera vanlege SoMe-konsumerande zombiar.

Innspelinga gjorde dei sjølve i den post-industrielle leikegrinda på Tou og i studioet til Ørjan Nag, der Espen Nag som vanleg mana fram den indre sersjanten sin med taktfaste, raudsprengde skrik om at Arnfinn Nag trong meir ballar, gøtts og driv osb. i brøla og i gitaren. Innimellom dei raudsprengde skrika hans, var det gjerne paniske telefonsamtalar med Ørjan Nag, på jobb i Nordsjøen, om kvifor i svarte s***n input-kanalane brått ikkje verka. Då Ørjan var heime att, rakk han knappast å vrenga av seg redningsdrakta før han sat der med tunge sukk framføre miksepulten, så vidstrekt som dei jærske åkrane, for å spela bass, miksa og rydda opp i rotet til dei to andre. Midt i dette kaoset, kunne ikkje Arnfinn Nag gjera anna enn det trauste sør-vestlendingar gjer best: Gjera det ein vert fortald, og elles halda kjeften.

Tittelen på plata er knabba frå den norske butikkjeda som sel konform mote for menn, men elles har plata lite med herreklede å gjera. No som det nok ein gong er krig i Europa, treff NAG tida vår godt, der dei på tittelsporet dreg oss fort og gale gjennom krigshistoria til denne urolege verdsdelen. Her får me ikkje servert ei preike eller militærfaglege analyser. I den kjende resignerte stilen deira, ymtar NAG berre om det me alle inst inne veit: Me er ikkje ferdige. Når den hylande feedbacken og ekkoet på det siste NAG-brølet på plata falmar, ottast du truleg ikkje mindre for framtida. Det einaste som er sikkert med framtida, er at du kjem til å spinna denne plata om att.

← Tilbake til program