Gorrlaus

Berit Opheim - song

Anne Hytta - hardingfele

+

Dansespel med Tove Solheim


- TOEINE-

Anne Hytta og Berit Opheim

Huldreslåttar, huldresongar, segner, naturmytiske balladar, kjempe - og trollviser, åndelege viser og solbøner er alle lada med eit mytisk innhald, og ofte særeigne og vakre melodiar. På fela er huldreslåttane ofte spela på særskilde felestille som gjev ein heilt spesiell klang.

Vakre middelalderballadar nedskrivne av Olea Crøger i Telemark i 1840 - åra.

Denne musikken er innhaldet i konserten «Toeine» der Anne Hytta og Berit Opheim formidlar slåttar og folketonar frå Telemark og Voss/Hardanger. All musikken er i eigne arrangement, i solo og samspel, i tillegg til noko nykomponert.

Tove Solheimer hardingfeleutøvar busatt i Suldal. Til vanleg jobbar ho i folkemusikkarkivet på Sand og er pådrivar i konsertserien, "Folk på fredag", som går føre seg i Kulturhuset i Suldal. Ho har jobba aktivt med formidling av tradisjonsmusikken frå Rogaland i ei årrekke, og det er ei stor glede å få Tove Solheim til Gorrlaus for å spela til dans etter konserten med Anne Hytta og Berit Opheim.

← Tilbake til program