Gorrlaus

Anders Røine - munnharpe, hardingfele og langeleik

+

Tuva Syvertsen - hardingfele, vokal

Erik Sollid - hardingfele

Me skal vera glade for at Anders Røine er ei rastlaus sjel som aldri klarer å slutta med gransking av arkivopptak og eldre tekstar skrive om norsk folkemusikk. Han har berika den norske tradisjonsmusikken med arkeologiske utgravinger av eldre spelestilar og tonalitet. Saman med bror sin, Niels J. Røine, har han utvikla ein langeleik med justerbare toneknottar, som gjer at ein kan spegla tonaliteten i dei gamle langeleikane. Han har og fordjupa seg i eldre spelestilar på dette instrumentet. Munnharpespelet i Noreg har han og betydd mykje for og han drar det til og med så langt som lydarslåttar. Når det gjeld felespel har han lært det av faren sin, Harald Røine, men han har og i seinare tid lagt seg tett opp til eldre utøvarar som Harlad Fylken, Ola Bøe og Olav Moe frå Valdres. Til vanleg spelar han i Sudan Dudan saman med Marit Karlberg og har elles jobba med eit hav av musikarar i ulike sjangre og band. Den nasjonale konkurransen i munnharpespel har han vunne mang ein gong.

Anders Røyne på Spotify

Tuva Syvertsen og Erik Sollid er kanskje mest kjent gjennom bandet, Valkyrien Allstars. Valkyrien har gitt ut ei mengde plater, vore nominert til spelemannprisen og vunne Folkelarmprisen fleire gonger. Dei har til og med solgt til platina. I Valkyrien har dei tatt utgangspunkt i den norske tradisjonsmusikken og blanda det i hop med andre sjangre, og på den måten laga sitt eige uttrykk. Denne kvelden skal me få høyre nokre av dei tradisjonelle slåttane som har inspirera dei opp gjennom åra og som har lege til grunn i utforminga av det musikalske uttrykket i nettopp Valkyrien Allstars.

Tuva Syvertsen på Spotify

Dette er siste Gorrlaus i 2022! Vel møtt!

← Tilbake til program