Gorrlaus: Anne Hytta

Gorrlaus 13. november - Anne Hytta + Hytta

Dørene opnar 19.00

Konsert startar 20.00


Anne Hytta: solo hardingfele

+

Hytta
Anne Hytta: hardingfele

Jo Skaansar: kontrabass

Ulrik Ibsen Thorsrud: perkusjon


I kveld blir det fokus på folkemusikaren Anne Hytta. Me kjem til å få høyre både solo hardingfelespel i tradisjonell stil og hardingfela i samklang med kontrabass og perkusjon i trioen Hytta. Som 11-åring byrja Anne Hytta i hardingfelelære hos spelemannen Einar Løndal (1914-2006) frå Tuddal i Telemark. Han kom frå ein familie av spelemenn i mange generasjonar og faren Svein forma ut slåttar i eigen stil, seinere kalla Løndalspel, som på mange måtar er det musikalske morsmålet til Hytta.


Trioen ,Hytta, spelar musikk i skjeringspunktet. Dei jobbar med tonar og klangar frå tradisjonsmusikken og set det saman til noko nytt. Dei nyttar ofte gorrlaus stille.

Forutan Anne Hytte består trioen av Jo Skaansar og Ulrik Ibsen Thorsrud. Jo Skaansar er kontrabassist, komponist og psykolog. Han gav nyleg ut ei plate med musikk til Edvard Hoem sine tekstar. Ulrik Ibsen Thorsrud er perkusjonist og lydkunstnar. Han arbeider som solist og i fleire ensembler, blant anna impro-trioen Parallax.


Konserten i kveld går over to sett med ein pause i mellom.

← Tilbake til program