FEM SPØRSMÅL: YMIST

Til tross for avlyste framsyninger denne våren, går residensprogrammet vårt som normalt. Desse vekene arbeider Ymist hjå oss. Ymist er eit teaterkompani som blei starta i 2014, av Morten Espeland (skodespelar) og Erlend Samnøen (koreograf og regissør). På Tou skal dei ferdigstille den kommande framsyninga si Melancholia II, som har premiere hjå oss 30. september.

Kva arbeider de med no? 

Me har akkurat starta opp med prøvar på det neste prosjektet vårt Melancholia II som baserer seg på romanen til Jon Fosse. Handlinga går føre seg ein haustdag i Stavanger 1902, og ein følgjer gamle Oline der ho slit seg opp brekka frå sjøen og opp til det vesle huset sitt. Framsyninga kan også bli forstått som eit dobbeltportrett av Oline og broren hennar Lars Hertervig –  som stadig dukkar opp i tankestraumen hennar. Me prøver å iscenesetja teksten ved utstrakt bruk av koreografi og rørsler. Det er dette me brukar dei to vekene me no har residens i Speilet på: Korleis finna rørsler som kan bygga opp under teksten, rørsler som kan gje den motstand, og tilføra noko som ikkje alt finst i teksten. Det er veldig vanskeleg, men også veldig, veldig moro. 

Kva forhold har de til Tou? 

Me gjesta Tou under Kapittelfestivalen i 2018 med framsyninga Draumkvedet. Då spela me på Loftet, Melancholia II skal ha premiere på Scene 1 den 30. september i år. Me gler oss over å væra her, og gler oss til å koma attende. 

Kva var det som gjorde at de valde å arbeide med scenekunst? 

Det er lettare å seia noko om kvifor me framleis held på med å jobba med scenekunst. Fordi det er ein kollektiv kunstart – både forstått som at verket er summen av det dei einskilde medverkande legg inn i det, og som at det er eit reelt møte mellom scene og sal. Eksempla på strømming av sceneproduksjonar (eller konsertar for den del) som ein har sett den siste tida kan ikkje erstatta det at ei gruppe menneske møtes i same rom for oppleva noko i fellesskap. Det er dette som er krafta i scenekunsten, og det er her me hentar energien frå.

Kvifor blei Ymist starta?  

Både Erlend og Morten har jobba mykje innanfor institusjonsteatra, og ein av grunnane var at me hadde lyst til å driva fram prosjekt heilt frå start og til slutt sjølve. Dessutan hadde me ei trong til å finna måtar å jobba med tekst, rørsle og skodespelaren si førestellingsevne som me kanskje ikkje hadde sett så mykje av. Så ein kan seia det både er praktiske og estetiske grunnar til me starta opp.

Kor finn de inspirasjon? 

Det kan væra mykje, men så langt har alle framsyningane våre hatt ein tekst som utgangspunkt, ikkje tekstar som er drama eller teaterstykke, men som har vore dikt, balladar eller romanar. Tekstar som er mystiske og som me føler kan bli tilført noko gjennom ein kropp og eit scenerom.