Gorrlaus

 

 


 

 

Edén/Kvifte/Nesheim trio

Mats Edén og Tellef Kvifte har vore med og prega utviklinga av samspeltradisonar i svensk og norsk folkemusikk sidan 70-tallet. Begge har lært av dei gamle meistarane, og begge har i tillegg bakgrunn i ulike avant garde- og diverse andre genre fra 70-tallet og utover. I Noreg var det blant anna Slinkombas som gjaldt, der Tellef var med, og på andre sida av grensa var det Groupa, der Mats var med. Begge disse konstellasjonane eksperimenterte med samspel og tradisjonsmusikk, og på 70-talet var det svært få andre som holdt på med akkurat dette.

Trioen me får høyre i kveld fokuserer på repertoar frå Värmland og Agder. Slåttane fungerer som rammeverk for variasjon og improvisasjon, men kan og gå fullstendig i oppløysning om den musikalske iveren blir for sterk. På trommer og perkusjon har dei henta forsterkningar frå den yngre generasjonen. Knut Kvifte Nesheim er ein eklektisk musikar med vel så breitt språk som dei to andre, der han gjerna held seg ein stad mellom samtidsmusikk, folkemusikk og jazz.

Etter konserten blir det ópe dansegulv ut i dei små timar.

 

 

← Tilbake til program