Nokon kjem til å kome - ei musikkdramatisk tolking av Jon Fosse

Eit av dei mest gåtefulle og urolege stykka i norsk dramatikk blir no presentert i ei ny, musikkdramatisk form. Nokon kjem til å kome av Jon Fosse, med musikk av Knut Vaage og regi av Bruno Berger-Gorski, vert ei rå og nærgåande oppleving - tett på kropp, stemme og stillheit.

To menneske trekkjer seg tilbake til eit hus ved havet. Dei vil vere åleine. Men i det stille byrjar noko å dirre. Kva om nokon kjem?

Gjennom Fosses poetiske og ladde språk, og Vaages ekspressive, djuptgripande musikk, vert publikum dratt inn i ei uro som ikkje slepp taket. Ei framsyning som luktar av sjø og isolasjon, av lengsel, makt og mørke.

Medverkande:
Ho - Marianne Folkestad Jahren
Han - Halvor F. Melien
Mannen - Magnus Staveland

Kunstnarleg lag:
Regi - Bruno Berger-Gorski
Musikk - Knut Vaage
Scenografi - Alice Sturt
Dirigent - Bjarte Engeset
Produsent - Birgitte Njå

Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Stavanger kommune, Bergesenstiftelsen og Rogaland fylkeskommune.

← Tilbake til program