Gorrlaus

Gorrlaus laurdag 12.04.24


 

Stad: Tou loftet

Dørene opnar: kl. 18.30

Konsert startar: kl. 19.00


 

Lars Erik Øygarden: Hardingfele

Synnøve Brøndbo Plassen: Kveding

+

Fuglen dansekveld


 

 

Lars Erik Øygarden er fødd og oppvokse på Rauland, Telemark og har spela hardingfele omlag heile livet. Arbeider til dagleg i kulturskulen i Vinje og Bykle.

Lars Erik har gjennom mange år funne fram til ein forkjærleik for feler av den gamle typen før 1860-talet, og den stilen og tonen som følger med feler som kanskje vanlegvis ville vore på museum. Fleire av desse felene vil bli bruka på konserten.

Dette kombinera med ei interesse for å finne fram til slåttematerial og former som er lite bruka, førar til at det kan bli ein konsert der ein blåser støv av eit uttrykk som ikkje så ofte er å høyre lenger. Slåttemusikken vil vere stort sett frå Telemark med sentrale namn som Tarjei Augundson (Myllarguten) Håvard Gibøen, Lurås og Kjos.



 

 

Synnøve Brøndbo Plassen har dei siste åra markert seg som ein spennende ung utøvar på den norske folkemusikkscena. Ho har fordjupa seg mest innan tradisjonsmusikken frå Folldal, Østerdalen og Trøndelag. Hausten 2021 kom ho med sitt debutalbum "Hjemve" som ho fekk folkelarmprisen for i klassen solo, i tillegg til ein spellemannsprisnominasjon. Hausten 2023 gav ho og ut sitt andre soloalbum, Den lyse dag, med folkesang knytta til seterlivet. Med føttene godt planta i norsk folkesangtradisjon jobber ho både med tradisjonsmusikk og musikk i retning samtid og improvisasjon. For anledningen kjem Synnøve til å fokusere spesielt på gjeitlokk og kulokk og musikk frå setra. Dette er noko me ikkje har høyrt på Gorrlaus før!


 

 

Etter konsertane blir det spel og dans og heng!

← Tilbake til program