
Gorrlaus
Gorrlaus fredag 13.10.23
Stad: Tou loftet
Dørene opnar: kl. 19.00
Konsert startar: kl. 20.00
Anders Norudde - säckpipa, moraharpe, tagelharpe, fele
Erlend Viken - fele, oktavfele, hardingfele
Anders Norudde er folkemusikar, mulitiinstrumentalist og instrumentmakar frå Värmland i Sverige. Han spelar blant anna fele, hardingfele, moraharpe, tagelharpe og fløyter. Han er opptatt av eldre spelestilar og er inspirert av blant anna Anders Rosén og Mats Edén. Norudde var med på å starta det legendariske bandet, Hedningarna, i 1987. Dette blir ein unik sjanse til å høyre fleire sjeldne gamle instrument frå det skandinaviske folkemusikkdjupet
Erlend Vikener ein spelemann frå Oppdal som har vokst opp med felespel frå far sin. I seinare tid har han og begynt å spela hardingfele og stiller i A klassa både på fele og hardingfele. Sjølv om hovedrepertoaret hans ligg iOppdalstradisjonen, spelar Viken og musikk frå mange andre dalstrøk.Han hargod oversikt over repertoaret frå Rogaland så me håpar det kjem eit par innslag frå Bjerkreim og Suldal denne kvelden.
Viken er busatt på Nesodden og driv som fulltidsmusikar.Han spelar i mange forskjellige band i tillegg til sin eigen trio, Erlend Viken trio. Han var nett å høyre i folkemusikktimen i NRK kor han spelte slåttar frå Oppdal.