Gorrlaus

Gorrlaus laurdag 11.02.23


Stad: Tou loftet

Dørene opnar: kl. 19.00

Konsert startar: kl. 20.00


Alexander Aga Røynstrand - Hardingfele

Per Anders Buen Garnås - Hardingfele

+

Vibå spelemannslag




Alexander Aga Røynstrand, frå Granvin, har spelt fele sidan har var 7 år

og har blitt kåra til verdas beste hardingfelespelar to år på rad på

Landskappleiken.Han er solid forankra i folkemusikktradisjonen frå 

Hardanger og har gått i lære hos blant anna Knut Hamre og Åse Teigland.


Per Anders Buen Garnås blei kåra til årets folkemusikar 2022 av

folkelarm. I tillegg er han aktuell med to nye utgjevingar på plateselskapet

Ta:lik, "anno 2001" og "anno 2021". Buen Garnås begynte å spela

hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han

har elles gått i lære hos og latt seg inspirere av mange gode spelemenn

innanfor ulike tradisjonar - særleg i Telemark; slike som Eivind Mo, Olav

Øyaland, Einar Løndal, Bjarne Herrefoss, Anund Roheim og Gunnar

Innleggen. Landskappleiken har han vunne 4 gongar.


Vibå spelemannslag blei stifta i 1973 og har tilhaldsstad på BUL i

Stavanger. Dei har hovedfokus på folkemusikken frå Rogaland og har

vidareført tradisjonane frå Fuglestad brørne frå Bjerkreim. Dei spelar og

musikk i frå Suldal. I 2000 gav dei ut cd´'en, "Fela i ura", med Bjerkreims

musikken.

← Tilbake til program