Gorrlaus

Øyonn Groven Myhren

----------

Mats Edén


Dørene opnar: 19.00

Konsert starta: 20.00 presis


Øyonn Groven Myhren - kveding, lyre og seljefløyte


Øyonn Groven Myhren er komponist, kvedar, lyre- og seljefløytespelar frå Oslo. Ho lærte kveding av mor si, Dagne Groven Myhren og Hagny Huso frå Vinje. Sentralt i repertoaret står mellomalderballadane. Det kan ein høyre på plata Gullveven (2008) og siste utgivinga, Runarslaget (2021), kor Groven Myhren har skrive ny musikk basert på dei gamle balladane. Ho har og gitt ut ei heil plate med bare slåttetralling (!) som heiter Akkedoria fra Kristiania, vunnet spelemannsprisen, vunnet landskappleiken i vokal fleire gonger og i tillegg jobba som skodespelar på Det norske teatret, Riksteatret og Hordaland Teater. Groven Myhren kjem frå ein familie som er rik på tradisjonar både frå Telemark og Hallingdal. Det skal og nemnast at ho er barnebarn til Eivind Groven, som er ein av hovedgrunnane til at Gorrlaus konsertserien blei starta opp i Stavanger.


Mats Edén - flatfele, hardingfele og viola d'amore


Mats Edén er godt forankra i värmlandsk folkemusikktradisjon. Han har vore aktiv i mange år som spelemann, komponist og pedagog og har vore ein viktig føregangsmann for utviklinga av svensk folkemusikk sidan 70 - talet. Edén spelar i den svensk-norske trioen, Groupa, som har vore aktiv sidan 1981. Edén fekk Zorns guldmärke i 2019 for sin innsats som spelamann og som viktig tradisjonsberar. Han har gitt ut ein heil drøss med plater og siste utgivinga heiter Alvaleken kor Edén spelar sjølvkomponerte slåttar. Han spelar og hardingfele og på Alvaleken finst det mange slåttar som er inspirert av norsk folkemusikk. Edén er godt kjent med det som finst i folkemusikkarkivene og er veldig bevisst på tonalitet og rytmikk

← Tilbake til program