Gorrlaus

Gorrlaus - 11. desember

 

Dørene opnar: 19.00

Konsert startar: 20.00

 

Per Gudmundson: svensk sekkepipe og fele

Ola Bäckström: fele

 

Marton Laksesvela: hardingfele

Eivind Tanche-Larsen Knutsen: hardingfele.

 

Per Gudmundson og Ola Bäckström spelar musikk frå Dalarna i Sverige. Meir spesefikt Rättvik og Ore. I Dalarna lever tradisjonane framleis i beste velgåande og det er mykje flott musikk å spora attende til dei traktane. Gudmundson og Bäckström har kjent kverandre og spelt saman siden 70-tallet og har gjort fleire utgjevingar i lag. Gudmundson hadde og ei sentral rolle i gjenopplivinga av den svenske sekkepipa. Det er kanskje ikkje så mange som er klar over det, men sekkepipe er eit instrument som har blitt spelt i Sverige i hundrevis av år. Frå 1500-tallet til godt utover 1900-tallet. Siste spelemann som hadde tradisjonen i arv døydde i 1949. Saman med intrumentmakar Leif Eriksson, lagde Gudmundson rekonstruksjonar av gamle sekkepiper frå Dalarna. Dette resulterte i utgjevinga "säckpipa" i 1983. Ola Bäckström er og med på denne innspelinga, og det er ei imponerande framsyning av den svenske sekkepipa, både solo og i samspel med lire, fele og vokal. Gudmundson og Bäckström kjem til å spele fyrste del av konserten med sekkepipe og fele og andre del med to feler.

 

Marton Laksesvela er bonde og spelemann på Rysstad i Setesdal. Han kom til dalen i 1993 og blei verande. Som dugande felespelar har han vore aktiv i gruppa Knut Heddis Minne. Knut Heddis Minne var eit spelemannslag som blei etablert i 1998, på den tida det var musikklinje på Valle vidaregåande skule, kor Laksesvela og var lærar. Laget heldt til på Rysstad, der dei hadde øvingar i Knut Heiddi-stoga og tok namn etter spelemannen, Knut Jonsson Heddi. Laget blei norgesmeistrar under Landskappleiken 2001 på Rauland, dei spelte på Den norske folkemusikkveka 2003, og hadde elles konsertar i Setesdal og Rogaland. Dei gav ut plata "Lea deg" i 2003. Laksevela er opprinneleg frå Bjerkreim og lærte direkte av Ivar Fuglestad i sine yngre dagar. Han har med andre ord, beina planta i to tradisjonar. På konserten i kveld kjem me til å få høyre slåttar frå både Setesdal og Bjerkreim.

 

Eivind Tanche-Larsen Knutsen er ein ung og dyktig hardingfelespelar frå Setesdal. Berre 21 år gamal, har han allereie deltatt på mange kappleikar og han har reist mang ein gong gjennom heile Setesdal på musikk- og danseoppdrag. Han har lært mykje spel av faren sin, Harald Knutsen. I tillegg har han lært av Daniel Sandén-Warg. Tanche-Larsen Knutsen og Laksesvela kjem til å vera på scenen samstundes og me kjem til å få høyre både solospel og samspel.

← Tilbake til program