Stavanger Friteater presenterer INNI (nummer 2)
lørdag 12. desember 2026
Stavanger Friteater presenterer INNI (nummer 2)
INNI (nummer 2) handlar om Pål og Geir, to litt for gamle gutar som har gitt opp å kjempa mot forfallet. No har Geir flytta inn med ein kjærast, og har for fyrste gong på mange år noko å tapa. Pål er att åleine, og det kan vel ikkje vera rettvist at berre han skal sitta att i driten?
Når ein manglar alt, vil alle presangar berre bli ei påminning om at livet i alle høve er håplaust. Du gir ikkje bilsjampo til ein mann som ikkje har råd til bil. Skalla folk treng ikkje kam.
Jula er jo tida for mirakel. Pål greier neppe å gjera sitt eige liv vakkert, men kan han håpa på å få selskap i skiten?
Medverkande:
Dramatikar og skodespelar: Eigil Jansen Skodespelar: Marko Kanic Skodespelar: Nina Eikeskog Skodespelar: Linda Tveiten Produsent og regissør: Mari Strand Ferstad Komponist: Arthur Berning Kostyme: Mia Koch Teknikar: Ernst Spjell Henriksen
Speledatoar: 4.,5., 11. og 12.desember. Billettpris: 300,-
Støtta av Stavanger kommune og Tou Scene
