Gorrlaus
torsdag 5. november 2026
Torsdag 05.11
dørene opnar: 1830
konsert startar: 1900
125 års jubileum for folkemusikaren, radioverten, komponisten og musikkforskaren, Eivind Groven.
Helga Myhr: Hardingfele
–
Seamus Cater: mikrotonalt orgel
Fredrik Rasten: reinstemt gitar
Groven hadde særs interessante idéer når det gjaldt tonalitet og tradisjonsmusikk. I staden for å sjå tonalitet gjennom det europeiske klassiske 12-tone systemet, kor dei fleste tonehøgder i folkemusikken framstod som falske, meinte Groven at reinstemming (Just Intonation) var eit mykje betre verktøy. I dette systemet framstår det særprega tradisjonelle tonespråket som enkle forholdstall i staden for avvik. Reinstemminga tar utgangspunkt i naturskalaen.
Disse idéane er framleis høgst kontroversielle. Regelrett avvist av folkemusikkakademia, men omfamna av mange tradisjonsutøvarar. Groven var først og fremst folkemusikar sjølv, og prøvde å laga ein teori utifrå sin tause tradisjonelle kunnskap.
I dette høve har me gleda av å invitere til ein kveld kor me kan bada i reinstemte tonar frå orgel og gitar, høyre på suggererande slåttespel frå hardingfela og dansa oss inn i grålysningen.
Duoen Seamust Cater og Fredrik Rasten kjem til å framføra eit verk som utforskar klangmoglegheitane i det reinstemte system. Amsterdam baserte, Seamus Cater, har laga eit akustisk orgel med moglegheiter for omstemming og mikrotonale skalaer. Berlin baserte, Fredrik Rasten, har skrive ein ny komposisjon som har urframføring i kveld. Tonestykket tar utgangspunkt i klangar og tonehøgder frå folkemusikken.
Helga Myhr er i år ute med si andre solo plate! Og det er på høg tid at ho kjem tilbake til Stavanger! Materialet på denne plata er slåttar etter fleire av dei sentrale kjeldene i Hallingdal som Kristian Øvrevollseie, Sevat Sataøen, Olav Sataslåtten og Engebret Ødegård. Helga fokuserer på slåttar og slåtteformer som er sjeldan i bruk i dag og på denne konserten vil Helga syne fram slåttar ho har arbeidd med frå barndommen av og fram til nyare tid.
Etter konsertane er det ópe dansegolv som vanleg!
Denne konserten er og eit samarbeid med nyMusikk Stavanger.
