FUGLEN x GORRLAUS - dansefest!
fredag 9. oktober 2026
FUGLEN x GORRLAUS - dansefest! // Tou
Alltid ville dansa folkedans, men ikkje funne rette moglegheit? Nå kjem sjansen!
Kvelden startar med ei komplett innføring i folkedans, leia av to hyperkompetente instruktørar. Brigitte Blomlie og Lars Fivelstad Smaabergleiar fører oss gjennom alt du treng for å halda deg i rørsle ei natt på dansegolvet. Saman viser dei oss bygdedansar og runddansar som har vore brukt i regionen sidan uminnelege tider.
Etter ei felles innføring opnar dansegolvet for fri utfalding. Inn på det knirkande tregolv får me då høyra levande rogalandsmusikk frå lokale utøvarar. Det blir slåttespelstafett med Malmin, Stavanger Folkemusikklag og fleire!
Enten du er heilt fersk eller allereie kan ein heil del, er dette ein kveld å sjå fram til. Her kan du kopla av og møta kjent og ukjente i dansen. Kom som du er eller ta med deg ein venn.
Arrangementet er laga i samarbeid med FolkOrg som del av prosjektet “Dansen som sosial møteplass”.
ENG.
Always wanted to try folk dancing? Now's your chance!
The evening kicks off with a full introduction to Norwegian folk dance, led by two brilliant instructors. They'll show us traditional village and round dances that have been used locally to celebrate and reileve tension for generations past.
After the introduction, the floor opens up for free dancing, with live folk music from local musicians.
Come as you are, or bring a friend.
